top of page
  • Black TripAdvisor Icon
  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon

Ting å gjere i 

Hyllestad

I Hyllestad finn du opplevingar for både eventyrlystne, historieinteresserte og dei som berre ønskjer å nyte naturen i rolege omgjevnader. Her kan du utforske spektakulære fjellturar som Lihesten, oppleve den unike historia om kvernsteinsproduksjonen i Kvernsteinsparken, eller dra på fisketur langs kysten og fjordane. Med vakker natur, rikt kulturlandskap og ekte vestlandsidyll er Hyllestad eit flott utgangspunkt for minnerike opplevingar - både til lands og til sjøs.

IMG_5364.jpeg

Fottur til Sauesnyken frå Øvre Heggebø

Sauesnyken er ein populær tur gjennom skog og vidare opp i ope fjellterreng til toppen på 507 moh. Undervegs får du fine naturopplevingar og jamn stigning, før utsikta opnar seg på toppen. Kombiner turen med eit stopp ved grillhytta, eller gå ein lengre rundtur vidare til Laviksåta og Handalsstølen før du returnerer til hotellet.

Grillhytta på panorama

Grillhytta er ein flott og familievenleg tur som passar for dei fleste. Frå Øvre Heggebø går ein enkel turveg med jamn stigning opp til hytta, og vegen egnar seg både for barnevogn og sykkel. Undervegs finn du kvilebenkar, og ved hytta er det gode moglegheiter for leik, grilling og avslapping i naturen. Her kan du nyte hyttekos med utsikt, skrive deg inn i gjesteboka og kanskje henge opp ei hengekøye for ein ekstra roleg pause. Gå vidare til Sauesnyken om du ynskjer ein lengre tur.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

_MG_4130 denoised.jpg
_MG_2292.jpg

Fossfossen

Berre to kilometer frå hotellet finn du Fossfossen, vakkert plassert ved den karakteristiske steinbrua langs Den Trondhjemske postveg. Fossen er lett tilgjengeleg med både grusveg og parkering like ved, og passar perfekt for ein liten utflukt. Vi har også syklar til utleige dersom du ønskjer ein flott sykkeltur til fossen.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Sauna ved Heggebøstranda

Berre ein kilometer frå hotellet finn du Heggebøstranda med sauna - perfekt for varme sommardagar og friske vinterbad. Her kan du kombinere avslappande varme med eit forfriskande bad i sjøen. Vi hjelper deg gjerne med booking av saunaen. Det er fint å både gå og sykle til Heggebøstranda, og syklar kan du leige hos oss. 

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

_MG_4931_edited.jpg
Lihesten, foto Visit Fjordkysten og Sunnfjord.jpg

Topptur til Lihesten

Spektakulære Lihesten er eit berømt landemerke på kysten og er mest sannsynleg ein av dei mest fotograferte fjella i vår region. Fjellet har mange forskjellige stiar og du kan bruke fleire dagar på å utforske.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Kvernsteinsparken

Kvernsteinsparken er eit unikt utandørs museum i dei største kvernsteinsbrota frå vikingtid og mellomalder i Skandinavia. Parken byr på spennande opplevingar for heile familien. Her kan du prøve deg på kornmaling med ekte kvernstein og bake ditt eige brød over open eld - inspirert av tradisjonane frå gamle dagar. 

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Kvernsteinsparken-3.jpg
Ilustrasjonsbilde.png

Sentrumsnær rundtur rundt Leirvik og Heggebøen

Ei lett og familievenleg rundløype på om lag 3,4 km med start frå hotellet. Turen går langs vegen opp mot Handalen før du følgjer merka løype vidare rundt til Heggebøen. Frå der går turen tilbake til hotellet via gangveg. Ein tur som byr på varierande naturopplevingar og passar for dei fleste.

Ilustrasjonsbilde.png

Sentrumsnær rundtur på Arefjellet

Opplev ei flott rundløype på om lag 4,5 km med start frå hotellet. Turen følgjer vegen opp mot Handalen før du tek av på merka sti som går rundt Arefjellet. Frå der går turen tilbake til hotellet. 

Ilustrasjonsbilde.png
Ilustrasjonsbilde.png

Sentrumsnær rundtur rundt Ås

Ei lett og familievenleg rundløype på om lag 3,4 km med start frå hotellet. Turen går opp vegen mot Ås før du følgjer den merka løypa rundt området og tilbake til hotellet. 

Topp 10 ting å gjere i Hyllestad

På jakt etter fleire opplevingar? Sjå FjordKysten og Sunnfjord si topp ti liste.

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Fjæra_Indrefjord-9241_edited.jpg
bottom of page